tirsdag, november 16, 2010

Eg..

..elskar når det er haustsol. Den som varmar, når det eigentlig er kaldt. Eg elskar hausten generelt. Det er så mange fine fargar, gode lukter og frisk luft. Eg kjørte buss frå Stavanger til Etne for ei stund sida , og må nok ein gong bukke meg i støvet for kor vakkert Noreg faktisk er.

..elskar Noreg faktisk. Og mange andre plassar. Men Noreg er bra.

..likar å springe i store haugar med haustlauv. Det er magiske augeblikk. Hausten har mykje kos å by på. Springe å herje i lauv. Drikke te og kakao. Film. Eksamenslesing. Raudvin. Varme huer. Varme armkrokar. Det er snart jul, og kanskje kommer nissen? Kanskje kommer snøen snart? Det hadde i så fall vert kult punktum

..likar å haustwalke. Haustwalk er definitivt den kulaste måten å bevege seg på når det er haust. Det du treng er eit stort smil, litt kjapp gange, litt lett skipping og ein slik ein fin song i hovudet som minnar deg om fine sommarminner (Lillian kjenner veldig godt til haustwalk. Og ho likar det. Det er det beste av alt).

..likar når eg blir raud i kjakane fordi det er blitt haust. Eller fordi eg har vore ute, og kjem inn og drikk kakao eller te, og så bli varm i kjakane. Det går og an.

..har hatt ein veldig fin haust sånn eigentlig.

..saknar Yngve.

..vil sjå på verden med eit like stort smil som Yngve hadde, og læra meg å leva etter ”Alt ordnar seg”. For det gjer jo faktisk det. Yngve - du var faen meg magisk!

..skal danse like mange dansar rundt bålet (om ikkje enda fleire) til neste sommar, og eg skal synast at graset er veldig grønt akkurat der eg er.

..har hatt min første eksamen i dag. I matematikk faktisk. Det gjekk ikkje så aller verst vil eg påstå. Men eg saknar den gongen det var kult å ha eksamen/tentamen fordi me fekk ha med snop på skulen, og ein kunne vere ferdig tidlig og henge på gongen. I dag satt eg til det var ti minutt igjen, og åt sjokolade donert av Audunn etter eksamenen var ferdig. Men eg må innrømme at eg faktisk syns det er litt gøy med eksamen og eksamenslesing. Det er heilt sikkert politisk ukorrekt å like det, men det bryr eg meg ikkje om.

..gler meg til å få svar på eksamenen faktisk. Enten så fungerar det, eller ikkje. Det ordnar seg i alle fall uansett (smilefjes)!

..skal drikke ein kopp te snart. Med honning i faktisk. Viss du skulle lure.

..likar å skrive nynorsk ein gong i blant. Det passar seg eigentlig med nynorsk når det er haust.

..overbevist om at Åse Kleveland sin song ”Intet er nytt under solen”, hadde vert enda finere enn den allereie er, på nynorsk.

Preikast, sånn plutseleg!